Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Sande

Jakob Sande. Foto: NTB/Scanpix.

Jakob Sande. Foto: NTB/Scanpix.

Jakob Sande (1906-1967) frå Dale, busett i Oslo. Forfattar, visesongar og lektor.

Foto: Norvald Tveit. © Fylkesarkivet.

Foto: Norvald Tveit. © Fylkesarkivet.

Cand. philol. 1931. Reiste til sjøs i tre år før han vart lektor, først i Fredrikstad 1935-1945, deretter ved Ullern høyere skole i Oslo 1946-1965.

Diktaren Sande

Som diktar er Jakob Sande kjend for sin burleske og beiske humor, som t.d. i visa «Kallen og katten» og «Kleppe-Maret», men også for dei varaste kjensler og stemningar, som ein t. d. finn i «Vesle Daniel» og «Fløytelåt».

Han framførte sjølv visene sine, og akkompagnerte seg sjølv på strengeinstrumentet lutt.

Statuen Vesle Daniel er laga av Sivert Donali og vart avduka i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statuen Vesle Daniel er laga av Sivert Donali og vart avduka i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mange utgjevingar

Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga «Svarte næter», og gav sidan ut:

  • «Storm frå vest», dikt (1931),
  • «Frå Sunnfjord til Rio», dikt (1933),
  • «Straumar i djupet», novellar (1935),
  • «Villskog», dikt (1936),
  • «Eit Herrens vèr» novellar (1943),
  • «Guten og grenda», dikt (1945),
  • «Skarlagensnora», novellar (1946),
  • «Korn og klunger», dikt (1950),
  • «Sirius», dikt (1955),
  • «Dikt i samling» (1956),
  • «Det kveldar på Kobbeskjær», dikt (1961),
  • «Noveller i samling» (1964).
  • Jakob Sande i husværet sitt i Oslo i 1932. Ukjend fotograf. Eigar: Jakob Sande-selskapet/Fylkesarkivet.

    Jakob Sande i husværet sitt i Oslo i 1932. Ukjend fotograf. Eigar: Jakob Sande-selskapet/Fylkesarkivet.

    Jakob Sande hadde heile livet nært samband med heimbygdene i Fjaler, og bygde seg i 1951 hytte på Kobbeskjærshaugen på Lending ved Flekkefjorden.

    «Jubelhornet»

    Sidan 1970-talet har visegruppa «Jubelhornet» frå Fjaler turnet over store delar av landet ned viser av Jakob Sande. Mange av visene er tonesette av medlemmer av «Jubelhornet».

    Lutten til Jakob Sande blir stadig brukt. Her er det eitt av dei unge musikktalenta i Fjaler, Sturle Sandvik, som spelar på lutten i ei radiosending. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Lutten til Jakob Sande blir stadig brukt. Her er det eitt av dei unge musikktalenta i Fjaler, Sturle Sandvik, som spelar på lutten i ei radiosending. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Minnesmerke

    I Dale sentrum vart det i 1966 reist ein byste over diktaren. I 1991 vart Jakob Sande-selskapet skipa. Selskapet har m.a. fått verna barndomsheimen til Jakob Sande på den tidlegare klokkargarden Vollen i Dale sentrum; Bestefarsstaua.

    I 2002 vart det avduka ein skulptur med hovudpersonen i diktet «Vesle Daniel» i Dale sentrum. Jakob Sande var son til Andreas Sande.

    Jakob Sande voks opp på Klokkargarden på Vollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Jakob Sande voks opp på Klokkargarden på Vollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012