Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Olav Fretland

Jan Olav Fretland. Foto: Arild Nybø, NRK.

Jan Olav Fretland. Foto: Arild Nybø, NRK.

Jan Olav Fretland fødd 1950 i Oslo, busett i Lærdal. Høgskulelærar, kultursjef og målreisingsmann. Cand. phil. 1977 og frå 1991 førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som han har vore knytt til sidan 1986. Kultursjef i Lærdal 1991-1994. Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1994-2000.

Han har hatt ei rad offentlege tillitsverv knytt til målsak og språkrøkt, m.a. leiar i Noregs Mållag 1993-1994, leiar i Norsk Språkråd frå 2000 og rådsmedlem i Noregsnettet for høgare utdaning.

Medlem til Kringkastingsrådet frå 2002. Har gjeve ut ei rad bøker, m.a. i undervisningsprosjektet «På saklista» - lærebøker for betre språk i offentleg forvalting.

Gift med Anna Jorunn Avdem.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011