Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Otto Hoddevik

Jan Otto Hoddevik fødd 1949 i Måløy, busett i Ålesund. Industrieigar og fiskeeksportør.

Saman med broren Geir Robin Hoddevik bygde han frå slutten av 1980-talet opp Global Fish til eit av dei største fiskeriselskapa i Noreg, med anlegg frå Egersund til Trøndelag. Selskapet flytta etter ei tid administrasjonen frå Måløy til Ålesund. I 2000 gjekk Global-gruppa inn i Pan Fish. Jan Otto Hoddevik dreiv marknadsavdelinga i Global vidare som eige selskap.

I 2007 gjekk Global Fish inn i Norway Pelagic (sjå Domstein-konsernet), og Hoddevik hadde ei leiarstilling der før han slutta i konsernet i 2012.

Son til Otto Hoddevik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.06.2012