Hopp til innhold
X
Innhald

Jarle Helgheim

Jarle Helgheim fødd 1942 på Skei. Lærar, bygningsmann, bréførar og forfattar. Cand. real. frå UiO 1973 med hovudfag i geofysikk. Helgheim har arbeidd som lærar i Oslo og Jølster, og har hatt ulike yrke innan bygningsbransjen.

Han har vore bréførar på Jostedalsbréen sidan 1960-talet og gav i 2000 ut boka ”Jølster – bygda og bréen” (Det Norske Samlaget).

Helgheim har også vore fotballdommar i mange år og var redaksjonsleiar for boka ”Jølster Idrettslag 80 år” som kom ut i 2004. Han var og redaktør for boka ”Idretten i Breim 1911-2011” som kom ut i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.05.2017