Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Buarøy

Jens Buarøy (1888-1944) frå Batalden. Fiskar og bonde.

Jens Buarøy (1888-1944) frå Batalden. Fiskar og bonde.

Han vart arrestert av Gestapo 19. april 1943 etter at namnet hans vart funne skrive på eit vekeblad om bord i ein norsk MTB som gjekk på grunn etter ein aksjon mot hamna i Florø 14. mars 1943. Jens og den 13 år gamle sonen Alf Buarøy vart arresterte.

Jens vart torturert, først overført til Grini den 19. august 1943 og 21. august 1943 til Natzweiler i Tyskland saman med Hilmar Hansen frå Florø. Begge døydde i fangenskap, Jens Buarøy 5. august 1944 i Natzweiler.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.05.2010