Hopp til innhold
X
Innhald

Jens K. Sterri

Jens K. Sterri fødd 1923 på Hafslo, busett i Oslo. Tolldirektør.

Cand jur. UiO 1949. Arbeidde som sekretær i Justisdepartementet, dommarfullmektig i Sunnhordland og sekretær i Landbruksdepartementet før han i 1954 starta si 23 år lange karriere i Finansdepartementet, der han vart ekspedisjonssjef.

Tolldirektør frå 1977 til 1990. Styremedlem i Statens Naturskadefond 1962-1977, i styret for Radiumhospitalet i fire år og medlem i Nordisk Tollråd. Riddar av den islandske Falkeordenen, kommandør av Finlands Hvit Rose Orden og tildelt den tyske Verdienst Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.03.2008