Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Kvåle

Jens Kvåle. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Jens Kvåle. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Jens Hermundsson Kvåle (1863-1949) frå Sogndal. Bonde, lærar, redaktør og Venstre-politikar. Lærarskuleeksamen 1886 og m.a. lærar ved Sogndal Folkehøgskule 1886-1892 og 1897-1912.

Kvåle var frå 1896 redaktør i 44 år, først for bladet «Vestmannen». I 1899 endra bladet namn til «Sygna» og vart eit politisk bygdeblad for Venstre.

I 1904 kjøpte han Venstre-avisa «Sogns Tidend» (sjå Lærdal kommune), flytta den frå Lærdal til Sogndal og slo det saman med «Sygna».

Like etter 2. verdskrig kjøpte avisa «Sogn og Fjordane» forlagsretten til Kvåle si avis og slo den saman med si eiga avis. Kvåle var også medskipar av Sogndal ungdomslag og Sogn ungdomslag.

Kvåle sat 20 år i kommunestyret og 30 år i skulestyret og var stortingsrepresentant 1931-1933.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011