Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Rolvsson

Jens Rolvsson (til høgre) saman med frå v. Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann på ein tur til Galdhøpiggen. © Fylkesarkivet.

Jens Rolvsson (til høgre) saman med frå v. Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann på ein tur til Galdhøpiggen. © Fylkesarkivet.

Jens Rolvsson (1844-1876) frå Bergen, busett i Dale. Skulestyrar. Student 1865 og cand. philol.

Fekk gjennom ein slektning som var gardstyrar på Holmedal gard (sjå bilete under Industrigründeren Johan Jensen|Johan Jenssen) kontakt med bygdene i Dalsfjorden. Skipa i 1871 Bondehøgskulen i Dale på Tross. Denne skulen var for «Vaksne bondegutar». Det var Nikka Vonen som overtala Rolvsson til å starte skulen i Dale. Elevane kom frå dei næraste bygdene. Men folk i bygda motarbeidde skulen, og då Rolvsson fekk høyre dette, slutta han tvert i 1874 og reiste tilbake til Bergen, der han vart medarbeidar i «Bergens Tidende». Bondehøgskulen i Dale hadde i alt berre 18 elevar. Rolvsson var nynorskmann, og skreiv i tida si i Dale også ein eigen «Synnfjordssong».

Han skipa også og vart leiar av Holmedals Sogns Bondevenforening i 1871. Foreninga gjekk inn i bondevenrørsla kring stortingsmann Søren Jaabæk. Foreninga hadde på det meste over 60 medlemer. Sjå også om Norskelaget i Holmedal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2010