Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Sigfred Hopstock

Jens Sigfred Hopstock (1853-1924) frå Bergen. Ingeniør og norsk telefon-pionér.

Jens Sigfred Hopstock (1853-1924) frå Bergen. Ingeniør og norsk telefon-pionér.

Utdanna ingeniør i Gøteborg. I Bergen ivra han for utbygging av elektrisk lys og telefon. Han engasjerte seg elles i både vegbygging, turisme og dampskipsferdsle.

Etter møte med «telefonens far», Graham Bell i 1877, fekk Hopstock angenturet for oppfinninga for heile Skandinavia. Skipa «Vestlandske Telefonkompani» og bygde i 1889 privat telefonline Voss-Gudvangen, og i 1892 over Vikafjellet. Med denne lina hadde han fullført å knyte saman distrikta Sogn, Voss og Hardanger med Bergen.

I Vik vart syskenbarn og hotelleigar Jens Krogh Hopstock telefonstyrar. Jens S. Hopstock skipa i 1892 Sogns Turistforening i Vik. Dette var den første turistforeninga i Sogn og Fjordane. I 1895 fekk han prosjektert ei jernbane som skulle gå frå Voss til Stalheim, driven med elektrisitet. Prosjektet vart aldri realisert.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2009