Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Adam de Rochlenge

Johan Adam de Rochlenge (1651 - ca. 1717). Oberstløytnant, fødd i Frankrike.

Kjøpte Dale gard i 1691, og vart truleg frå same tid den første kommandanten for Søndfiordske Companie, som hadde eksersisplass på Dingemoen i Dale.

Johan Adam de Rochlenge var kommandant for regimentet i Bergen frå 1701 til 1705. Han ætta frå ei av mange adelsfamiliar som høyrde til trussamfunnet hugenottane i Frankrike, og som i stort tal måtte røme landet m.a. etter forfylgjing frå kong Ludvig XIV.

Johan Adam skal vere frå ei ætt som først hadde vore busett i Latvia, før den kom til Danmark og seinare til Noreg. Han er ættefar til slekta som framleis bur kring Dalsfjorden, i Dale og Holmedal og skriv seg for Rochelenge eller Rochling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2008