Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Arntzen

Johan Arntzen (1883-1984), busett i Høyanger. Naziordførar i Høyanger og NS-fylkesordførar under 2. verdskrig. Kom til Høyanger som såkalla feltpostmeister i 1916.

Han vart postmeister i 1931, og sat i stillinga til krigsslutt. Han dreiv Høyanger Bokhandel og starta Høyanger Avis i 1928. Avisa gjekk inn i 1940. Arntzen vart ein av dei sentrale nazistane i Sogn og Fjordane under krigen. Tyskarane avsette Knut Opdahl som ordførar i Kyrkjebø i 1940 og sette inn Johan Arntzen. Han vart også utnemnd til formann i det nazifiserte fylkestinget (fylkesordførar), og kom i hard konflikt med fylkesmann Hans Seip. Etter krigen vart Arntzen og fleire familiemedlemer dømde for landssvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2010