Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Carl Christie

Johan Carl Christie (1808- ) fødd utanfor ekteskap i København, busett i Askvoll. Cand. theol. 1836. Frå 1837 var han personel kapellan i Indre Holmedal og vart fungerande sokneprest i Askvoll same året. Sokneprest i Askvoll 1840-1878. Prost i Sunnfjord frå 1851-1876.

Han var ordførar i Askvoll kommune 1842-1857 og 1863-1867. Christie gjorde i 1856 opptaket til at dei sørlegaste sokna i prestegjeldet, Hyllestad og Øn, skulle skiljast ut frå Askvoll prestegjeld og skipe eit nytt Hyllestad soknekall saman med Bø sokn frå Lavik prestegjeld. Dette førde til skipinga av Hyllestad kommune i 1861.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011