Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Collett Falsen

Johan Collett Falsen (1817-1879) frå Asker, busett på Systrond. Cand. jur. 1841. Prokurator (sakførar) i Nedenes 1846. Overrettssakførar i Trondheim og Drammen 1849, og amtmann i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amt) i 1861.

I 1863 flytta Collett Falsen fylkesmannssetet frå Lærdalsøyri til garden på Nybø på Systrond. Sidan den tid har fylkesmannen halde til i Leikanger kommune.

Johan Collett Falsen var m.a. ordførar i Drammen 1853-1859 og 1861. Han var stortingsrepresentant for Drammen by 1859-1860 og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane 1865-1866 og 1868-1869. På Stortinget sat han i Justiskomitéen og var sentral i utarbeidinga av den første lova om ekspropriasjon.

Collett Falsen var justisminister 1869-1870, 1871-1872, 1874-1877 og frå 1878 og til han døydde i 1879. Han var elles statsråd i Stockholm i åra 1870-1871, 1873-1974 og 1877-1878, marine- og postminister i 1871, og han styrde Indredepartementet 1872-1873.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2009