Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Gotteberg

(1891–1953) frå Trollebø, busett i Måløy. Industrieigar.

Starta hermetikkfabrikken Statt Canning (som låg like nord for Firda Canning Co.), og seinare på 1930-talet Nordfjord Preserving på Sæternes. Fabrikken på Sæternes vart sprengd av allierte styrkar under Måløyraidet 3. juledag 1941. I 1937 kjøpte han også den store hermetikkfabrikken i Florø som seinare vart kjend som Bjelland-fabrikken. Denne dreiv Gotteberg og andre familiemedlemmer eit stykke fram på 1950-talet. Etter 2. verdskrig bygde Gotteberg også ein hermetikkfabrikk i Brønnøysund.

Johan Gotteberg fekk i 1933 starta Venstre-avisa Nordfjord Folkeblad som kom ut i Måløy til kring 1950. Gotteberg var den første NS-ordføraren i Sør-Vågsøy, og vart arrestert og ført til England under Måløyraidet i 1941.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2008