Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Hansson Rue

Johan Hansson Rue (1660-1696) frå København, busett på Røneid. Fut og jordeigar.

Han vart «stamfar» til ei futeslekt som styrte både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Johan vart sjølv fut i Sogn i 1686, kjøpte storgarden Røneid og budde der til han døydde i 1696. Johan Rue var m.a. far til Hans Johansson Rue (1689-1729) som vart fut i Svanøy-birket på Svanøy-godset i Sunnfjord. Eit syskenbarn til Hans Rue vart fut for både Sunnfjord og Nordfjord, som i hans tid var slege saman til eitt futedøme.

Enkja etter Hans Johansson Rue, Maren Seehus, gifta seg opp att med bergensaren Søren Michaelson (fødd 1697-1755)) som ei tid var kst. fut i Sogn før han i 1730 vart fut i Nordfjord og Sunnfjord, då Nils Rue døydde. Søren Michaelson og Maren budde både på gjestgjevar- og handelsstaden Smørhamn i Bremanger, Myklebust i Hyllestad og på storgarden Gjerde i Eid, der dei også dreiv gjestgiveri på Skipenes.

Ei sonedotter til «stamfaren» Johan Hansson Rue vart gift med den rike handelsmannen Dominikus Berntsen Nagel på Årdalstangen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008