Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Herman Brun

Johan Herman Brun (1833-) frå Hermansverk. Handelsmann.

Overtok i 1882 eigedomane og handelen som faren Herman Brun og seinare mora Engel Brun hadde bygt opp og drive på Hermansverk og Hanehaug. I 1884 skøytte han eigedomane på Hermansverk over til svigersonen Peter Johan Fretheim , medan han sjølv dreiv handelen på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893.

Då overtok aksjelaget Leikanger Handelsforening butikken på Hanehaug.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2008