Johan (Jan) Nielssen Bager
Johan (Jan) Nielssen Bager (1682–1744) frå Bjordal. Fut og kanselliråd. Bager var son til kaptein Niels Bager som eigde storgarden Bjordal på frå kring 1670. Johan Bager vart fut i Sunnhordland i 1701.
Seinare vart han rådmann, lagmann og kanselliråd. Kanselliråd var ei av dei høgste stillingane i kongens embetsverk på 1700-talet. Johan N. Bager eigde ei tid heile Bjordals-garden, men selde den i 1728 til futen Henrik Arnoldus Thaulow.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.11.2009