Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Kruckow

Johan Kruckow (ca. 1470 - ca. 1539) fødd i Bergen, busett på Sørheim. Riksråd 1524-1536, adelsmann og lensherre i Sogn. Høyrde til ei rik adelsætt som stamma frå Pommern i Tyskland, og som m.a. rådde over store jordeigedomar på Vestlandet og på Island. Bestefaren Hans Kruckow var også riksråd midt på 1400-talet.

Store inntekter

Johan Kruckow busette seg truleg på Sørheim ved Lustrafjorden, hadde eigne skip og dreiv m.a. med nordlandshandel. Kruckow hadde m.a. skatte- og leigeinntekter på jordleige frå fem skipreider i Sogn, og eigde dessutan ein del gardar på Island.

Riksråd

I 1524 var han som riksråd med på å velgje Fredrik I til konge i Noreg, og vart sidan ein av dei viktigaste støttespelarane til kong Fredrik i kampen kring kongemakta i Noreg mot den upopulære Christian II. Då Fredrik I gjekk sigrande ut av kampen mot Christian II, fekk Kruckow tildelt store jordeigedomar på Ringsaker og i Båhuslen som takk for støtta til Fredrik. Johan Kruckow vart ein alliert til den mektige katolske norske erkebispen Olav Engelbrektsson.

Mislukka leigemord

Vincent Lunge, den mektige lensherren til Bergenhus, kom i strid med Kruckow. Vincent Lunge var kjend som ein maktsjuk og grådig fyr. Han hadde m.a. rett til å krevje inn skattar frå jordeigedomar i Sogn. I 1527 prøve Vincent Lunge å ta livet av Kruckow ved å sende 40 leigesoldatar etter han. Kruckow rømde og berga livet, men garden hans ved Lustrafjorden vart plyndra. Seinare fall Vincent Lunge i unåde og vart etter ei tid drepen.

Busette seg på Sørheim

Etter desse hendingane busette Kruckow seg truleg på Sørheim, for i 1531 skreiv han seg for «Johan Kruckow aff Søderem». Same året fekk han kongebrev på store jordeigedomar kring Lustrafjorden og på Nordnes og Fimreite ved Sogndalsfjorden.

Av dei sju borna til Kruckow vart dottera Anna først gift med adelsmannen Jon Olafson Teiste, som vart den første frå denne adels-ætta som eigde Ytre Kroken. Deretter vart ho gift med skrivar Anders Nielsen, som vart den første som fekk råderett over det spesielle Dale len - sjå: Dale var eige len og futedøme.

Sonen Hans Kruckow (ca. 1500 - ca. 1567) vart også ein sentral politikar i Noreg i tida kring reformasjonen, og var m.a. valt til utsending for det norske riksrådet til eit kongeval i København i 1534.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008