Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Nicolay Cappelen

Johan Nicolay Cappelen (1818–1890). Frå Flekkefjord, busett på Sæternes i Måløy. Lege og politikar.

Han kom først til Måløy som huslærar hjå familien Ravn på Moldøen. Her vart han gift med Sofie Elisabeth Brunchorst Ravn i 1852. Etter avslutta studiar, starta han privatpraksis på Moldøen. Cappelen vart tilsett som den første distriktslegen i Ytre Nordfjord frå 1858-1883. Han fungerte også som korpslege for militære på Nordfjordeid.

Han sat 11 år i Selje kommunestyre og gjorde mykje for å bremse brennevinshandelen.

Cappelen var den første dampskipsekspeditøren i Måløy frå ca. 1850.

Saman med lensmann Arnoldus Hess Lem kjøpte han fugleværet Klovningen ytst i Vågsfjorden. Øya vart i 1897 skøytt til Einar og Audun Lem.

Svigerfar til handelsmann Ulf Lem og distriktslege Einar Strand. Sistnemnde tok over Cappelen-eigedomen på Sæternes.

Som ung medisinarstudent måtte Cappelen vere medisinsk rettsvitne til ei halshogging av ein dødsdømd unggut på Akershus festning. Denne opplevinga, fortalde Cappelen, fylgde han som eit mareritt resten av livet, og gjorde at han ofte stridde med psykiske problem.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010