Johan Schumann

Johan Schumann.
Johan Schumann (1832-1911) fødd i Bergen. Studerte landbruksfag i Danmark og Skottland, og tok i 1859 med seg 10 skotske svartfjeslam tilbake til Noreg. Første året gjekk dei på Fløyfjellet i Bergen, seinare pakta han gard i Manger.
I 17 år pakta han jord på øya Alden i Askvoll der han heldt 300 svartfjessauer saman med norske utegangarar. Etter mislukka freistnad på å få kjøpe Alden, kjøpte han i 1881 øya Hovden i Flora. Han vart ein føregangsmann for sauehald på Vestlandet. M.a. dreiv han forsøk med syltegras - d.v.s. silofor.
Schumann heldt foredrag og skreiv i ei rad jordbrukstidsskrift. Då han døydde, fekk han oska si sett ned på Hovden og reist ein minnestein der (sjå også Flora kommune).

Schumann kjøpte øya Hovden, som vi her ser ytst til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 31.10.2011