Johan Widing Heiberg Landmark
Johan Widing Heiberg Landmark (1802-1887) frå Tysse. Jurist, fut i Sogn og politikar.
Cand. jur. 1826. Underrettsprokurator (sakførar) i Nordre Bergenhus amt 1833 med bustad i Fjaler. I 1833 fekk han frådelt eigedomen Fagervik frå farsgarden Tysse, og budde der til 1846.
I 1837 vart han valt til første ordførar i Ytre Holmedal soknekommune. Vart 1847 utnemnt til fut i Sogn med bustad på Askelund i Balestrand (sjå: Futegarden Askelund). Vararepresentant til Stortinget 1845.
Son til Nils L. Landmark som ein av 15 sysken (sjå under faren).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2008