Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Brochmann

Johannes Brochmann (1852-1930) frå Kvinesdal, busett ei tid i Sogndal. Prest og forfattar.

Johannes Brochmann (1852-1930) frå Kvinesdal, busett ei tid i Sogndal. Prest og forfattar.

Cand. theol. 1876. Lærar i Oslo før han busette seg i Ullensvang 1886-1900, og levde der av å skrive.

Sokneprest i Røldal 1900-1908 og i Sogndal 1908-1923. Gav ut «Håkon Adelstejnsfostre» - ei historisk tragedie i fem handlingar 1878, «Bør «Over ævne» framføres?» - eit innlegg i samfunnsdebatten i 1886, og «Biskop dr. A. Chr. Bang - et livsbillede» 1898.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011