Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Flintoe

Eitt av fleire måleri frå Johannes Flintoe si hand med motiv frå Ytre Kroken.

Eitt av fleire måleri frå Johannes Flintoe si hand med motiv frå Ytre Kroken.

Den første kunstnaren som vitja Kroken var den danske kunstnaren Johannes Flintoe (1787-1870).

I 1818 vart Flintoe med Gerhard Munthe på ei ferd over fjella frå Hallingdal til Aurland og vidare over til Kroken ved Lustrafjorden. På denne reisa måla Flintoe ei mengd akvarellar - m.a. frå Kroken, Flahamar, Dale, Hafslo, Nigardsbreen, Krundalsbreen, Myrhorn i Jostedalen og Marifjøra.

Andre stader i Sogn der Flintoe var på ferde med skisseblokka, var i Lærdal, Aurlandsdalen, Fjærland og Sogndal. Denne reisa vart for Flintoe starten på eit stort arbeid der han sette seg føre å oppsøkje store deler av Noreg for å skildre norsk natur og det særprega norske folkelivet.

Han vart på mange vis vegvisaren til norske kunstnarar som J. C. Dahl, Peder Balke, Thomas Fearnley, Adolph Tidemand og H. F. Gude, som alle i tur og orden vitja Munthe-garden i Kroken og måla ei mengd motiv frå Luster og andre Sogne-bygder. I Kroken fekk desse kunstnarane bu i vekesvis.

Sjå andre måleri av Flintoe på sidene:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.03.2011