Hopp til innhold
X
Innhald

John A. Austrheim


John Austrheim i 1994. (Foto: NRK)

John Austrheim i 1994. (Foto: NRK)

John A. Austrheim (1912-1995) frå Sandane. Bonde og politikar for Senterpartiet.

Var medlem av kommunestyre frå 1945 og ordførar 1956-1962. Vararepr. for Bondepartiet til Stortinget i mange år, til han vart valt representant for Senterpartiet 1961–1977. Gruppeførar for Senterpartiet 1969-1971. Formann i Senterpartiet frå 1969-1973, og ansvarleg for partiet sine forhandlingar då Kjell Bondevik frå KrF gjorde eit mislukka forsøk på skipe ny borgarleg regjering etter at regjeringa Borten gjekk av i 1970.

Det var i samband med dette at Bondevik sa at «eg er djupt såra og vonbroten». Austrheim vart lenge skulda for avtalebrot som førde til at Bondevik mislukkast, men vart i 1990 «frikjend» då notata frå desse forhandlingane vart offentleggjorde.

Austrheim var samferdsleminister i regjeringa Korvald 1972-1973, og medlem av Nordisk Råd 1969-1972. Utanom politikken hadde Austrheim m.a. sentrale verv i Indremisjonen.

Gift med Ingeborg Austrheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.03.2009