Hopp til innhold
X
Innhald

John Jonsson Kjellevoll

John Jonsson Kjellevoll (1864-1954) frå Dalsøyra. Bonde, postopnar og politikar for Frisinna Venstre.

Medlem av kommunestyret i 30 år, mesteparten av tida i formannskapet. Han var også varaordførar, jordstyreformann, styremedlem i Gulen Sparebank i mange år, og hadde mange tillitsverv i Indremisjonen.

Kjellevoll fekk også starta eit lite meieri på Dalsøyra (sjå: Meieria i Gulen).

Vararepresentant til Stortinget 1916-1918. Far til Ludvik Johnsson Kjellevoll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008