Hopp til innhold
X
Innhald

John Kleven

Kleven Florø.

Kleven Florø.

Kleven Florø.

John Kleven (1931-2009) frå Ulsteinvik. Verftseigar. Faren Marius Kleven starta Kleven Verft i Ulsteinvik i 1944, og John Kleven tok over som dagleg leiar i 1964.

Kleven har gjort seg gjeldande i Sogn og Fjordane som eigar og medeigar både i tidlegare Løland Verft i Leirvik og i dei to skipsverfta i Florø og Førde (Ankerløkken Verft). Etter konkurs ved Løland Verft i 1979 gjekk Kleven inn med 65 prosent av aksjekapitalen for å få verftet på fote att under namnet Kleven Løland AS.

I 1989 overtok Kleven dei tidlegare Ankerløkken-verfta i Florø og Førde. Han selde dei to Sunnfjord-verfta til Kværner i 1991, men kjøpte dei tilbake etter krisa i Kværner-konsernet i 1999.

John Kleven har vore formann og styremedlem i Vestlandske Fartybyggjarlag og Teknologibedriftenes Landsforening (TBL) – avd. Skip.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1994.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011