John Lillestøl

John Lillestøl (1926-2003), frå Raudeberg. Lærar og politikar for Kristeleg Folkeparti.
Ordførar i Vågsøy og medlem av fylkestinget 1976-1983. Der var han gruppeførar for Kristeleg Folkeparti, og fylkesvaraordførar 1976-1983.
På slutten av 1960-talet var John Lillestøl ein av dei få politikarane i fylket som viste engasjement for det nye skuleslaget distriktshøgskular. Han tok saka opp gjennom Sogn og Fjordane Lærarlag, noko som førte til skiping av Distriktshøgskulenemnda for Sogn og Fjordane.
Tildelt heidersteikn frå Kommunenes Sentralforbund, og han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1994.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 14.06.2011