Hopp til innhold
X
Innhald

John Moberg

Foto: Terje Eggum.

Foto: Terje Eggum.

John Moberg (1938-2010), busett i Leikanger. Journalist og forfattar. Moberg vart tilsett i avisa Sogn og Fjordane i 1960. I 1980 tok han initiativ til, og var ei kort tid redaktør for Indre Sogn Avis i Årdal.

Dei siste åra som journalist var han tilsett i Nynorsk Pressekontor.

Moberg stifta Norsk Gamalostlag og skreiv boka ”Gamalosten” (Samlaget) med illustrasjonar av Ludvig Eikaas.

Han skreiv og bøkene ”Lutefisken”, og han var ei tid redaktør for medlemsbladet til Norges Fjordhestblad – Fjordhesten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.08.2011