Hopp til innhold
X
Innhald

Johnny Bakke

Johnny Bakke. Foto: Lyslo.

Johnny Bakke. Foto: Lyslo.

Johnny Bakke (1908-1979) fødd i Moss, busett på Breim og Vereide. Prest og Venstre-politikar.

Bakke kom først som kapellan i Breim før han vart sokneprest i Gloppen og prost i Nordfjord 1955–1976.

Han vart i 1965 den første ordføraren i storkommunen Gloppen då Gloppen og Breim vart slegne saman att. Bakke var medlem av fylkesting og fylkesutval, og hadde ei rad offentlege tillitsverv, først og fremst i kraftforsyninga som formann i Vestlandske Kraftsamband, som fekk administrasjonen på Sandane.

Vararepresentant for Venstre til Stortinget 1954-1969. Bakke var rekna som ein svært dugande ordførar og politikar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011