Hopp til innhold
X
Innhald

Johs. B. Thue

Johannes Brynjulf Thue fødd 1940, frå Balestrand. Høgskulerektor, forfattar, redaktør og Arbeidarparti-politikar.

Johannes Brynjulf Thue fødd 1940, frå Balestrand. Høgskulerektor, forfattar, redaktør og Arbeidarparti-politikar.

Cand. philol. med historie hovudfag 1971. Stipendiat ved Bergen Sjøfartsmuseum 1971-1975. Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1975-1983, derav som rektor 1981-1983. Har elles arbeidd i Vestlandsforsking, vore rådgjevar i planleggingsfirma og arbeidd som frilans konsulent før han i 1994-1997 var redaktør i Sogn Dagblad (sjå Aviser og media i Høyanger).

Forfattar

Har sidan arbeidd som skribent og forfattar, der både petitartiklar og debattartiklar er gjevne ut i bokform. Har som historikar vore forfattar av m.a. «Bergens sjøfartshistorie II», medforfattar av Stavanger byhistorie og «Sogn og Fjordane fylkeskommune 150 år».

Mange utgjevingar på Skald Forlag

Gav i 1993 ut den halvdokumentariske «Brev til Ingebjørg den fagre av Sogn», artikkelsamlinga «Nett no» (Skald 1997), redaktør for debattboka «Tap og vinning - næringsutvikling i Sogn og Fjordane i vår nære fortid» (Skald 1999), og har elles m.a. skrive historiebøker om «Fortun, bygda og krafta» om kraftutbygginga i Fortun (Skald 1999), «Livets steinar» om kvernsteinproduksjonen i Hyllestad (Skald 2000), historia om Årdalstangen Kjemiske Fagforening, «Flåmsbana/The Flåm Railway» (Skald 2002), «Båtreisa Bergen - Sogn/Voyage to the fjords» (Skald 2003), ”Nærøyfjorden” (Skald 2006), «Fjordreise» (Skald 2007). Medforfattar i jubileumsboka ”Årdal – kamp, krefter og kunnskap” (Skald 2010).

Politiske verv

Medlem av fylkestinget 1981-1989, derav ei tid i fylkesutvalet. Fylkesleiar i Arbeidarpartiet 1988-1993, og i same periode medlem av landsstyret.

Bror til Helge Johan Thue og Sigmund Thue.

Tildelt kulturprisen til Balestrand kommune i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.07.2011