Jon Fridtun

Jon Fridtun. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane
Jon Fridtun (1867–1914) frå Oppstryn. Målreisingsmann og skribent.
Gjekk på presten Juuls privatskule i Stryn og Aurland (sjå Skular i Aurland), kom med i krinsen rundt Mons Litleré, og tok initiativet til skiping av Firda Ungdomslag i 1896, der han vart den første formannen til 1898. Alt i 1884 hadde han skipa Uppstryns Ungdomslag.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2008