Jon Hegdal

Jon Hegdal (i midten) saman med Nils R. Sandal (t.v.) og Bjørn Fløtre. Foto: Firda Tidend
Jon Hegdal (1928-2011) frå Innvik, busett i Førde. Fylkesagronom i Sogn og Fjordane frå 1963 til 1995. Er kjend som ein av dei fremste forkjemparane for fjordhesten då rasen var i ferd med å døy ut på 1970-talet. Tok initiativet til stor eksport av fjordhest m.a. til andre skandinaviske land, Nederland, USA og Chile.
Hegdal var i mange år fast hestedommar. Han har m.a. vore formann i Norges Birøktarlag 1975-1980 og Norges Fjordhestlag 1977–1992.
Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1992.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 09.02.2011