Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Jonsen Hyenes

Gravsteinen til Jon Jonsen Hyenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gravsteinen til Jon Jonsen Hyenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jon Jonsen Hyenes (1805-1884) frå Hyenes. Klokkar og kyrkjesongar, som var lærar i den første fastskulekrinsen i Gloppen.

Jon Hyenes var haugianar (Hans Nielsen Hauge vitja veneflokken sin i Gloppen minst to gonger kring 1800).

Hyenes, som gjekk under namnet ”Skule-Jo”, kom opp i ein hard konflikt med sokneprest Heffermehl. (sjå meir om striden under namnet Jørgen Meier Heffermehl).

Jon Jonsen Hyenes gav i 1852 ut andaktsboka “Den Troendes Samfund med Gud”, og noko seinare ”Et Morgen- og Aftenoffer til Gud”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011