Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Laberg

Jon Laberg (1859-1948) frå Bergen, busett i oppveksten på Ornes, der han ætta ifrå. Lærar, Venstre-politikar og historikar.

Jon Laberg (1859-1948) frå Bergen, busett i oppveksten på Ornes, der han ætta ifrå. Lærar, Venstre-politikar og historikar.

Eksamen frå Balestrand lærarskule 1876, og frå Stord lærarskule 1890. Lærar i Hoddevik på Stad 1876-1878, Erdal i Lærdal kommune 1878-1883. Lærar ved Jakob Sæthre sin skule for psykisk utviklingshemma i Bergen 1883-1886. Overlærar ved Bergens folkeskole 1886-1926.

Politikar

Frå 1886 medlem av bystyret og formannskapet i Bergen i 30 år, derav varaordførar 1908-1909. Han var også medlem og formann i skulestyret i Bergen i fleire år.

Skreiv bygdebøker

Jon Laberg er likevel mest kjend som bygdebokskrivar i Sogn. Han har skrive bygdebøker for Jostedal, Hafslo, Luster, Årdal, Balestrand, Lærdal og Borgund, og gardssoga for Vik. Laberg var den første bygdebokskrivaren i Sogn og Fjordane som tok med opplysningar om fattigstell, husmenn og tenarhald på gardane. Han var medskipar av Historielaget for Sogn i 1909, og første æresmedlem i laget.

Tildelt medaljen for Borgardåd og Klostermedaljen, som er høgste utmerkinga til fråhaldsrørsla.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008