
Jon Skaar jr.
Jon Skaar jr. (1926–2016) frå Måløy. Siviløkonom og fiskeeeksportør.
Kom med i leiinga av familieselskapet Skaar & Co. i 1949, og bygde det opp til å verte ei av dei største eksportbedriftene for sild og makrell i Noreg.
Starta på 1960-talet avdeling i fryseriet på Fugleskjærskaia i Florø, som seinare vart eige selskap under namnet Skaarfish, og leia av Jon Skaar sin son Harald Skaar. Jon Skaar sin andre son Helge Skaar har bygd opp fisketrading-selskapet Skaar International i Hamburg, Tyskland.
Jon Skaar jr. hadde fleire sentrale tillitsverv innan norsk fiskerinæring m..a. formann i Eksportutvalget for ferskfisk.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 03.01.2017