Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Skaar sr.

Jon Skaar sr.

Jon Skaar sr.

Jon Skaar sr. (1876–1963) fødd i Stryn, busett i Måløy. Grunnleggjar av Skaar & Co.

Skaar var styrar for handelslaget på Nordfjordeid før han i 1915 starta fiskemottak og handel i Måløy saman med sambygdingen Thorolf Tonning frå Stryn.

Frå 1918 dreiv Jon Skaar sr. for seg sjølv, og firmaet utvikla seg som Skaar & Co. og seinare kom også Skaarfish til. Skaarfish var eitt av dei store i fiskeribransjen på 1970-1980-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010