Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Tvinnereim

Jon Tvinnereim fødd 1936 i Randabygda, busett i Volda. Historikar, førsteamanuensis og forfattar.

Jon Tvinnereim fødd 1936 i Randabygda, busett i Volda. Historikar, førsteamanuensis og forfattar.

Rektor ved Møre og Romsdal distriktshøgskole, Volda, 1982–1986, forskingsleiar ved Møreforsking, Volda, 1994–1997.

Har m.a. gjeve ut ”Ei folkerørsle blir til. Den frilynde ungdomsrørsla på Nordvestlandet” (1975), ”Grotid i grenseland ”(1992), tre band: ”Fylkeshistorie for Møre og Romsdal”, ”Seterdrift i Nordfjord” (1997), ”Ski-idrett i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane skikrins 75 år 1923-1998” (1998). Medforfattar av «Eiksundsambandet» (Selja Forlag 2012) om vegsambandet mellom øyane på søre Sunnmøre og Ørsta/Volda.

Tildelt Målprisen 2012 av Sunnmøre Mållag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2013