Hopp til innhold
X
Innhald

Jørgen Meier Heffermehl

Jørgen Meier Heffermehl (1805-1879) var ein aktiv mann, sokneprest og stortingsmann, men han kom i konflikt med bygdefolket.

Jørgen Meier Heffermehl (1805-1879) var ein aktiv mann, sokneprest og stortingsmann, men han kom i konflikt med bygdefolket.

Jørgen Meier Heffermehl (1805–1879), skomakarson frå Kristiania, og den første prest i Gloppen som ikkje kom frå embetsætt. Sokneprest i Gloppen 1842 til 1866, og politikar.

Før han kom til Gloppen, hadde han representert Nordlands amt på Stortinget 1839. I Gloppen vart han ordførar, og var stortingsmann 1845 for Nordre Bergenhus amt. Han vart postopnar på Vereide, etter at han hadde greidd å få lagt ned postopneriet i Ryssfjøra, og dreiv gjestgiveri på Sandane. Heffermehl var også styremedlem i Amtsbaatane (Fylkesbaatane) frå starten i 1858 til 1865.

I konflikt med bygdefolket

Heffermehl vart tidleg kjend som ein hardlynt og arrogant prest som kunne vise bort dåpsborn og folk frå nattverd kring alterringen.

Han kom i konflikt med kyrkjelyden ved fleire høve, og særleg med det pietistiske miljøet som stod sterkt i Gloppen på den tida (Separatistane på Nesjane). Her samla haugianarane seg kring klokkar og kyrkjesongar Jon Jonsen Hyenes , eller Skule-Jo, som han vart kalla på folkemunne. Krinsen kring Skule-Jo var konservativ, og klaga presten Heffermehl inn for biskopen for måten han skjøtta gjerninga si på. Dei ville heller ikkje ha han som ordførar, og arbeidde aktivt for å hindre at han skulle halde fram som stortingsmann.

Ved valmannsvalet i 1850 fekk Skule-Jo 130 røyster, medan Heffermehl berre fekk tre. Heffermehl svor hemn for nederlaget: Han skulda kyrkjesongaren Skule-Jo for dårleg framferd i tenesta, og fekk han avsett i 1850.

Bygdefolket vart så arge at lensmannen ei tid var redd for ”den offentlige sikkerhed”. 50 mann kom ihop og fekk sakførar til å formulere krav om at Heffermehl vart avsett. Presten på si side hemna seg mot aksjonistane ved å nekte dei nattverd og barnedåp, og gjekk i 1851 like godt til motklage på både Skule-Jo og heile prestegjeldet.

Heffermehl fekk fri sakførsel av regjeringa, medan Skule-Jo måtte koste saka sjølv. Saka gjekk heilt til Høgsterett. Skule-Jo vart avsett, og vart runinert ved utpanting. Heffermehl fekk øydelagt si politiske karriere på striden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2011