Hopp til innhold
X
Innhald

Jørgen Neverdahl

Jørgen Neverdahl (1898–1974) frå Neverdal, busett i Førde. Maskiningeniør og skulestyrar.

Jørgen Neverdahl (1898–1974) frå Neverdal, busett i Førde. Maskiningeniør og skulestyrar.

Dreiv frå 1930 dreiv ein mekanisk verkstad i Førde, før han i 1935 grunnla Sogn og Fjordane Metallfagskole og bygde stort skulebygg for skulen på Hafstad. Skulen hadde det første året 14 elevar.

Neverdahl dreiv skulen privat fram til kommunen overtok i 1950, og fylkeskommunen i 1952. Metallfagskulen vart etter kvart utbygd til Førde yrkesskule, som i nye lokale på Hafstad fekk opptil 230 elevar.

Jørgen Neverdahl bygde privathus like ved skulen på Hafstad, der Ola Drage i dag har bygd sin villa. Neverdahl-huset vart rekvirert som offisersbustad under 2. verdskrig, og ei tid heldt kommanderande general i Sogn og Fjordane til der (sjå Krigshistoria i Førde).

Neverdahl vart under 2. verdskrig arrestert og overført Bergen 29.04.1943, overført Espeland, sett fri 31.07.1943.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2010