Hopp til innhold
X
Innhald

Jorun Irene Erdal

Jorun Irene Erdal. Foto: NRK.

Jorun Irene Erdal. Foto: NRK.

Jorun Irene Erdal fødd 1963 i Oslo, oppvaksen i Oppstryn. Sangar. Utdanning frå Firda Gymnas 1983, Toneheim Folkehøyskole 1985 og reiselivsøkonomeksamen frå Merkantilt Institutt.

Lærar og regionmusikar i Målselv 1985-1986. Har vore korist i fleire revyar i Oslo, Tønsberg og Stryn (2004), og elles m.a. kjend som deltakar i Grand Prix 2000, 2005 og 2006 og andre TV-show. Ho var også dommar i Grand Prix i 1999.

Deltok i musikalen West Side Story på Oslo Nye Teater i 2005-2006. Flytta heim til Oppstryn i 2007 og starta som drosjesjåfør i tillegg til sangoppdrag. Ho starta også klesforretninga Xtra Lekker i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2011