Hopp til innhold

Anne Johanne Kvale

Anne Johanne Kvale, journalist, politikar og organisasjonskvinne. Ho har markert seg særleg når det gjeld fråhaldssak, kriminalomsorg, kvinnesak og forsvarssak.

Les meir om Anne Johanne Kvale

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud, profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar med fleire litterære prisar. Bøkene hans er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagsliv og jordnær røyndom – med rom for fantasirike innfall.

Les meir om Arnfinn Kolerud

Arthur Klæbo

Arthur Klæbo, kringkastingsmann, kåsør og forfattar. Han var ein nynorskpioner i NRK, var sentral i utviklinga av programprofilen og var ein av dei store radiokåsørane i NRKs historie.

Les meir om Arthur Klæbo

Atle Kittang

Atle Kittang

Atle Kittang var professor, kritikar og forfattar. Som den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg hadde han sterk innverknad på litteraturforskinga i Noreg og har vore leverandør av internasjonale impulsar innanfor litteraturvitskapleg teori og metode.

Les meir om Atle Kittang

Cecilie Krog

Cecilie Krog

Cecilie Krog var kvinnesakskvinne og ein pioner for kvinner i akademia. Ho var første norske kvinne som fekk studere ved Universitetet, gjennom eit privat lovforslag i Stortinget.
Les meir om Cecilie Krog

Christl Kvam

Christl Kvam

Christl Kvam, sjukepleiar, siviløkonom, tidlegare leiar av Akademikarane og regiondirektør i NHO Innlandet. Ho blei utnemnd til fylkesmann i Oppland i 2015 og statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i 2016.

Les meir om Christl Kvam

Erling Kristvik

Erling Martinson Kristvik, pedagog. Han skreiv det faglege hovudverket sitt i 1920 og prega etterpå den pedagogiske tenkinga i Noreg i fleire tiår.

Les meir om Erling Kristvik

Finn Kvalem

Finn Kvalem, skodespelar, instruktør og omsetjar, byrja karrieren sin ved Det Norske Teatret og var tilknytt teatret i 14 år, frå 1956 til 1969. Han omsette i alt 18 skodespel, som alle har vore spela.

Les meir om Finn Kvalem

Frank Kjosås

Frank Kjosås

Frank Kjosås, norsk skodespelar. Han har nådd breitt ut til publikum gjennom allsidige roller på teater, film, i fjernsynsseriar og musikalar. Sidan 2006 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret.

Les meir om Frank Kjosås

Gerd Kristiansen

Gerd Kristiansen

Gerd Kristiansen, hjelpepleiar, fagforeiningsleiar og frå 2013–2017 leiar i Landsorganisasjonen i Noreg (LO), som er den største hovudsamanslutninga av arbeidstakarorganisasjonar i Noreg. Kristiansen var den andre kvinnelege leiaren av LO.

Les meir om Gerd Kristiansen

Hartvig Kiran

Hartvig Kiran, kringkastingsmann, gjendiktar, viseven og lyrikar. I 40 år var røysta hans å høyre i NRK, i reportasjar og lyrikkprogram. Han gjendikta Shakespeare, Brecht og musikalar for Det Norske Teatret.

Les meir om Hartvig Kiran

Henrik Kaarstad

Henrik Johannes Kaarstad, rektor, lokalpolitikar og lekmannprofil. Han skipa lærarskulen i Volda, skreiv lærebøker i kristendom og sat i bladstyret for oppbyggingsbladet Stille stunder.

Les meir om Henrik Kaarstad

Inge Krokann

Inge Krokann, forfattar frå Oppdal. Sentrale tema i diktinga hans er tilhøvet mellom folk i bygdesamfunna og verda utanfor, og mellom menneska og naturkreftene. Han skreiv nynorsk med sterkt innslag av oppdalsdialekt.

Les meir om Inge Krokann

Ivar Kleiva

Ivar Krohn Gunvald Kleiva, lærar og politisk engasjert kulturaktivist. Han gav ut fleire barnebøker, men skreiv òg dikt og prosa for vaksne.

Les meir om Ivar Kleiva

Ivar Kleiven

Ivar Kleiven har vore kalla «Gudbrandsdalens Snorre». Han var bonde, pensjonatvert, målmann og venstrepolitikar, og han skreiv bøker om folkeminne og lokal kulturhistorie som framleis er godt kjende i Gudbrandsdalen.

Les meir om Ivar Kleiven

Jakob Kobberstad

Jakob Nilsson Kobberstad, lærar, skulebokforfattar og tonesetjar.  Han laga notetillegget til Ivar Aasens Symra i 1875 og tonesette sjølv seks av songane.

Les meir om Jakob Kobberstad

Jan Kjærstad

Jan Kjærstad

Jan Kjærstad, forfattar og teolog, har skrive kløktig konstruerte romanar og perspektivopnande essay gjennom fleire tiår. Trilogien om Jonas Wergeland er eit hovudverk i nyare norsk litteratur.

Les meir om Jan Kjærstad

Karen Grude Koht

Karen Grude Koht

Karen Grude Koht, bondedotter som vart ei av dei mest boklærde kvinnene i si tid. Ho var ein ihuga føregangsfigur i den framveksande kvinnerørsla og var med og meisla ut ei ny kvinnerolle for det tjuande hundreåret.

Les meir om Karen Grude Koht

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård, forfattar og forleggjar. Han gav ut to romanar før han tok til på romansyklusen Min kamp. Med dette seksbandsverket greip Knausgård tak i viktige tendensar i samtida og utfordra skiljet mellom roman og sjølvbiografi.

Les meir om Karl Ove Knausgård

Kygo

Kygo

Kygo, norsk artist, DJ og komponist som har gjort internasjonal suksess med elektronisk dansemusikk, EDM. Han er den artisten som på kortast tid har nådd ein milliard avspelingar på Spotify.

Les meir om Kygo

Kåre Kolås

Kåre Kolås, økonom og lagsbruksmann. Han såg verdien av samarbeid mellom kaffistover og liknande lagsbruk og heldt fast ved denne ideen lenger enn dei fleste.

Les meir om Kåre Kolås

Lars Kinsarvik

Lars Kinsarvik

Lars Trondsson Kinsarvik, treskjerar, skribent og spelemann. Han fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst og husflid utvikla seg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Les meir om Lars Kinsarvik

Lars Korvald

Lars Korvald

Lars Korvald, politikar og rektor ved Tomb jordbruksskole. Etter folkeavstemminga om EF i 1972 skipa nei-sida med partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre regjering med Korvald som statsminister.

Les meir om Lars Korvald

Lasse Kolstad

Lasse Kolstad

Lasse (Lars) Kolstad, skodespelar og songar. Han høyrde med til dei sentrale skodespelarane ved Det Norske Teatret i siste del av 1900-talet. Ikkje minst var han ei sentral kraft i mange av musikkoppsetjingane ved teatret. Han hadde ei karakteristisk og ruvande røyst.

Les meir om Lasse Kolstad

Liv Køltzow

Liv Køltzow

Liv Køltzow er forfattar. Ho var ein del av den såkalla Profil-krinsen, ein krins av skeptiske og samfunnskritiske unge forfattarar rundt universitetstidsskriftet Profil på 1960-talet.
Les meir om Liv Køltzow

Marit Kaldhol

Marit Kaldhol

Marit Kaldhol, lyrikar og barnebokforfattar med internasjonalt gjennomslag. Kaldhols særmerke er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. Ho har i tillegg gitt ut lyrikk, noveller og romanar for vaksne.

Les meir om Marit Kaldhol

Normann Kirkeeide

Normann Eilif Kirkeeide, journalist og forfattar. Han skreiv i over 30 år for Bergens Tidende og var med og tok initiativ til mediefaget ved Universitetet i Bergen.

Les meir om Normann Kirkeeide

Odveig Klyve

Odveig Klyve

Odveig Klyve er ein norsk forfattar som skriv lyrikk, barnebøker og filmmanus. I 2006 fekk ho stor merksemd med diktboka Det andre blikket (2006), som handlar om alderdom og demens og forholdet mellom ei dotter og ei mor på sjukeheim.

Les meir om Odveig Klyve

Olav Kobbeltveit

Olav Kobbeltveit, journalist og forfattar. Han var den første politiske redaktøren i Bergens Tidende og har skrive fleire aviskommentarar om nynorsk og språkpolitikk enn dei fleste.

Les meir om Olav Kobbeltveit

Ole Kopreitan

Ole Kopreitan

Ole Andreas Kopreitan, politisk aktivist. Han marsjerte ut av Sosialistisk Folkeparti i 1969, vart i 1971 organisator i folkerørsla mot EF og var i 30 år dagleg leiar for Nei til atomvåpen.

Les meir om Ole Kopreitan

Oluf Kolsrud

Oluf Kolsrud

Nils Oluf Kolsrud, ein sentral norsk kyrkjehistorikar i første delen av 1900-talet og den første teologiske professoren ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo som nytta nynorsk både i tale og skrift.

Les meir om Oluf Kolsrud

Per Kleiva

Per Torbjørn Kleiva er ein pioner innanfor popkunst i Noreg. Han nyttar mange ulike teknikkar – måleri, installasjon, materialbilete og silketrykk.

Les meir om Per Kleiva

Wollert Konow

Wollert Konow, politikar. Han skipa Frisinna Venstre og vart statsminister i 1910. Konow måtte gå som statsminister fordi han erklærte sin kjærleik til nynorsken.

Les meir om Wollert Konow