Hopp til innhold

 Alexander Kielland. Foto: J. Petersen
Alexander Kielland. Foto: J. Petersen
X
Innhald

Alexander Kielland

Alexander Kielland, 1849–1906, var forfattar. Han vart fødd i Stavanger og var verkseigar, borgarmeister og amtmann. Kielland debuterte med den spirituelle og elegante Novelletter i 1879, som vart følgd av Nye novelletter i 1880. I dei samfunnskritiske romanane Garman og Worse frå 1880 og Skipper Worse frå 1882, skildra han kjøpstaden Stavanger i treffsikker ironisk stil.
 
Forteljingane Sne frå 1886 og romanen Sankt Hans Fest frå 1887 har brodd mot det religiøse hykleriet, romanen Gift frå 1883 mot latinskolen og Fortuna frå 1884 mot forretningslivet. Skissesamlinga Mennesker og dyr frå 1905 avsluttar forfattarskapen. Fleire brevsamlingar frå Kielland er òg komne ut.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013