Hopp til innhold
Foto: Lisbeth Michelsen/ annkavli.no. Brukt med løyve.
Foto: Lisbeth Michelsen/ annkavli.no. Brukt med løyve.
X
Innhald

Ann Kavli

Ann Kavli, lyrikar og prosaist som også arbeider med kunstfag, bokillustrasjon og performancekunst.

Kavli er fødd 17. september 1960 på Åndalsnes og voks opp der. Ho bur no i Oslo. Ho har er cand.mag. med eksamen frå Lærarhøgskulen i Volda i 1984 og tok nordisk grunnfag ved Høgskulen i Volda (Distriktshøgskulen i Volda) i 1980. I tillegg har ho toåring utdanning i media og journalistikk frå Volda (1984–86). Kavli gjekk på forfattarstudiet i Bø i 1990 og tok kunstfag ved Strykejernet Kunstskole i Oslo 1996–98.
 
Ho har arbeidd som journalist, redaktør, filmprodusent og informasjonsleiar, og ho har halde skrivekurs for barn og vaksne, mellom anna ved Folkeuniversitetet i Oslo, i ungdomsskulen og på vidaregåande skular.
 
Kavli debuterte 31 år gammal med diktsamlinga Noko skal hende deg i 1991. Så gav ho ut fire diktsamlingar til med om lag fem års mellomrom, Akvatinter (1996), Å hekle ein laks (2000), Flytt (2005) og Ut av juli (2011). Ho skriv òg romanar og dramatikk.
 
Ann Kavli var medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening 2001–07, som leiar 2005–07.  Frå 2010 sit ho i styret for Den norske Forfatterforening.
 
Kavli fekk Alfred Andersson-Rysst pris i 1998.
 
Kropp og sansing
Ann Kavli har fått ros av kritikarane for original og personleg språkkunst. Ho skriv knappe og tette kortdikt med uventa biletkombinasjonar og stilblandingar: «Kona går i elvane og lokkar / Ho plukkar planetar frå himmelen / og puttar dei i store lommer // Heime kardar ho dei opp / og spinn / gule trådar på rokken / og syng: // – Nuperelle, nuperelle, nuperelle.»
 
Som hos Eldrid Lunden er poesien ei stemme og eit sanseapparat for kroppen. Samstundes opplever og observerer poeten verda rundt seg. Det er ein fin balanse mellom det tilbakehaldne og det sagde i dikta hennar. Koplingar av ord og bilete frå fleire stilnivå gjer uttrykket overraskande, og humor og alvor får spela saman. Stemma vandrar mellom eg og du og flyttar seg stadig i temperament og kjensler, i stader, tid og rom.
 
Identitet og frigjering
I romanane Fire fargar seinare (1993) og Delfinens smil (1995) og prosaboka Alt er som det skal vere (1998) skriv Kavli poetisk prosa over dei same tema som i diktsamlingane. Det dreiar seg om dei store spørsmåla: kjærleik, død, sorg, skaping og identitet, utvikling og frigjering.
 
Samtale med biletkunsten
Det er eit særpreg hos Kavli at tekstane i så stor grad er forma som små kommentarar til andre kunstverk. I dikta i Akvatinter tek ho lesaren med på kunstomvising og reflekterer over bilete av mellom anna Jens Johannesen og Ørnulf Opdahl, Synnøve Anker Aurdal og Ludvig Eikaas, Lucien Freud og Jakob Weidemann.
 
I diktsamlinga Å hekle ein laks samtaler ho med samtidskunstnaren Francis Bacon, samtidig som boka krinsar rundt barndom og, litt surrealistisk, handlar om ein sel og ei kone som sit i ei elv og heklar.
 
Tverrfagleg kunstnar
Ann Kavli skriv også dramatikk. Spøkelset som ikkje ville spøke er teater for born og skrive til Vossa-Jazz (1997). Dette seier vi ikkje til nokon (7 scenebilde) er eit drama for vaksne basert på biletkunstnaren Vasilij Kandinskij si diktsamling Klänge (1998).
 
Kavli arbeider med kunstuttrykk som biletkunst, illustrasjon og performancekunst. Som biletkunstnar har ho har fleire utstillingar. Saman med performancekunstnar Liv Reidun Brakstad stod ho for framsyninga «Enda et dukkehjem» i Ibsen parkeringhus i Oslo 1988 og «Hvit dame» ved Strykejernet Kunstskole i Oslo 1998.
 
Kjelder
Forfattarside om Ann Kvali, skrift.no, http://www.skrift.no/kavli/ [lesedato 03.09.2009]
Forfattarside om Ann Kvali, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/K/Ann-Kavli.aspx [lesedato oppdatert 05.01.2011]
Nettstaden til Ann Kvali, annkavli.no, http://www.annkavli.no/ [lesedato 18.12.2013]

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 25.10.2016