Hopp til innhold
X
Innhald

Anna Kleiva

Anna Kleiva er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme.

Anna Kleiva er fødd 13. mai 1985 i Oslo og voks opp på Vinstra. Kleiva har teke forfattarstudiet i Bø (2007), gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland (2008), har bachelorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2010) og bachelorgrad i fransk frå Universitetet i Oslo (2014). Ho har skrive for Norsk Tidend og Norsk Barneblad frå 2006 til 2015 og har gjort fleire turnear for Den kulturelle skulesekken i 2015–17.

Kleiva har gitt ut tre diktsamlingar og i tillegg gjendikta utanlandske lyrikarar. Dikta er lett tilgjengelege, men inneheld mange overraskingar og uvande kombinasjonar. Kleiva skriv personleg om kommunikasjon og relasjonar, om sorg, kjærleik og reiser. Språket har eit sterkt og friskt drag, og dikta gir ei kjensle av fri flyt, der tematikken tidvis spelar ei underordna rolle, medan språk og form har hovudrolla.

Debuten Ti liknande versjonar (2011) sirklar rundt det å byggje ein identitet og har eit tydeleg personleg perspektiv. Vårar seinare (2014) har òg sitt utspring i eigne erfaringar og eigen oppvekst, men gir likevel stemmer til fleire. Dette er ei bygdeforteljing i lyrisk drakt, der dikta tematiserer ulukker og tung sorg. Døden på vegen er eit sentralt motiv. I Drikkeviser frå Paris (2016) skaper forfattaren ei surrealistisk verd i vekslinga mellom røyndom og fantasi, visuelle skildringar og bastant handling. Livet i den franske hovudstaden vert fletta saman med tradisjonelle norske kulturelement, i eit underleg, men vellukka og nyskapande samspel.

For Vårar seinare fekk Kleiva Natt & Dags Oslopris for Årets bok 2014, og i 2015 fekk ho Melsomprisen. I 2015 fekk forfattaren òg Bjørnsonstipendet og Diktardagarprisen.

Utdrag frå diktsamlinga Ti liknande versjonar av Anna Kleiva

eg har sklidd litt utfor
kanten og kjem meg ikkje
opp att,
litt forheksa, forelska, eitt
eller anna romantisk
nokon sa ta av deg huda og dans
rundt i berre beinbygnaden
det var ikkje noko pent syn
eg er ikkje noko pent syn
utan hud, i grøfta
men eg blir liggjande

når det blir mørkt skal eg
dra på meg grøfta
ei ny hud av
grus og barnåler og
aldri ta den av igjen

med same ansikt som
då eg var fem
og tryna på sykkel, aldri
tryne igjen
hugs det

Utdrag frå diktsamlinga Ti liknande versjonar av Anna Kleiva. Forlaget Oktober 2011 

Kjelder

E‑post frå Anna Kleiva 2.10.2017

Forlaget Oktober: «Anna Kleiva», forfattaromtale og bibliografi, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Kleiva-Anna# [lesedato 29.9.2017]

Peikarar

Ingrid Kvamme: «– Sorg er ikke vakkert», intervju med forfattaren, blogg.deichman.no 

Juryen om tildelinga av Bjørnsonstipendet 2015, oktober.no 

 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 29.06.2018