Hopp til innhold
X
Innhald

Anna Serafima Svendsen Kvam

Anna Serafima Svendsen Kvam, student og politikar. Tidlegare kvinneleg talsperson for Grøn Ungdom (GU), ungdomsorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne, frå 2015 til 2017.

Anna Serafima Svendsen Kvam er fødd 5. juni 1995 i Oslo, men voks opp i Stavanger. Ho tok vidaregåande skule ved Stavanger katedralskole i 2011–14, bachelorgrad i filosofi ved Universitetet i Oslo i 2018 og studerer nordisk litteratur.

Kvam melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i 2013, samtidig som ho blei vald til nestleiar i Grøn Ungdom i Rogaland for to år. Same året blei ho vald inn i arbeidsutvalet i GU sentralt for ein toårsperiode. Saman med Lage Nøst blei ho vald til talsperson for Grøn Ungdom i 2015, og saman med Ola Eian frå 2016. Kvam var då 19 år og den yngste leiaren av ungdomsorganisasjonen til eit parti på Stortinget. Ho hadde leiarvervet fram til november 2017. Sidan 2018 har ho vore styremedlem i Frogner MDG.

Grøn Ungdom har vedteke å arbeide for ein ny berekraftig klimapolitikk og grøn skule- og utdanningspolitikk. Kvam har derfor vore oppteken av det grøne skiftet og omstilling av norsk næringsliv og oljepolitikk, og i tillegg reduksjon av personleg forbruk, arbeid for psykisk helse og mot kroppspress. Ei av dei store kampsakene hennar var «Nei til retusjert reklame!».

Kvam var ordførar i Ungdommens bystyre i Stavanger medan ho var elev ved Stavanger katedralskole i 2011–12. Ho har også vore spaltist i Dagbladet og er tilsett i Aktivitetsskolen, skulefritidsordninga i Oslo.

Kjelder

Andrea Rygg Nøttveit: «– Ikkje rart at folk har klimafiendtleg åtferd», framtida.no: http://framtida.no/articles/ikkje-rart-at-folk-har-klimafiendtleg-atferd#.WLCWTzvhDIU [lesedato 24.2.2017]

Presentasjon av arbeidsutvalet i Grøn Ungdom, gronnungdom.no: https://www.gronnungdom.no/om-oss/arbeidsutvalget/ [lesedato 24.2.2017]

Anna Serafima Svendsen Kvam, e-post 17.1.2019

Peikarar

Vilde Blix Huseby: «Vil ha kvotering i ung politikk», vl.no 

Geir Søndeland: «Hun vil gi bot til «sexy» reklame», byas.no 

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 25.11.2019