Hopp til innhold
X
Innhald

Anselm Kiefer

Anselm Kiefer, f. 1945, er tysk målar og grafikar. 

Kiefer høyrer til gruppa av nyekspresjonistar i Tyskland med ei sterk interesse for «det tyske traumet» etter den andre verdskrigen. Verka hans er gjerne abstraherte bilete av aude og herja landskap der fragment av inskripsjonar, fotografi og objekt som strå, sand og bly er monterte på.

Kiefer har også laga skulpturar, som Ypparsteprestinna, 1985–91, som står på Astrup Fearnley Museet i Oslo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2017
Sist oppdatert: 06.11.2017