Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Håskjold Krumsvik

Arne Håskjold Krumsvik, medievitar, forfattar, redaktør og professor i journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han forskar på journalistikk og mediefridom.

Arne Håskjold Krumsvik er fødd 3. oktober 1966 i Volda i Møre og Romsdal, og han er busett i Oslo. Han tok vidaregåande skule i 1982–85, studerte ved Nebraska Wesleyan University i 1986 og blei utdanna cand.mag. frå Høgskulen i Volda i 1990, med journalistikk, historie og leiing i fagkrinsen. Krumsvik tok mastergrad i Management ved BI i 1992–95, og i 2009 tok han doktorgraden i medievitskap ved Universitetet i Oslo, med avhandlinga The OnlineNews Production at CNN and NRK. Frå 2009 til 2012 var han Tinius-stipendiat (postdoktor) ved UiO på Institutt for medier og kommunikasjon.

Krumsvik var nettsjef i VG i 1990–96, kanalsjef i Scandinavia Online i 1996–97og nettsjef i Dagbladet i 1997–2001. Han var sjefredaktør i Romerikes blad i 2001–03 og radiosjef i Kanal 24 i 2003–04. Frå 2012 arbeidde han som professor i journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus og i bistilling som professor II ved Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology og ved Jönköping International Business School frå 2014. Frå 2017 er han leiar ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitet i Oslo.

Krumsvik var redaktør for fagboka Journalistikk i en digital hverdag (2008) saman med Rune Ottosen, har skrive Medienes privilegier. En innføring i mediepolitikk (2011), var redaktør for Media Innovations. A Multidisciplinary Study of Change saman med Tanja Storsul (2013) og Innovasjon og verdiskaping i lokale medier saman med Lisbeth Morlandstø (2014).

Han har i tillegg skrive mange artiklar som er publiserte på nett og i internasjonale tidsskrift, og han utviklar strategiar for både private og offentlege verksemder, har spesialisert seg på nye medium og har bloggen «Bestem deg!»

Krumsvik var sekretær for Mediestøtteutvalet (2009–10), styremedlem i Mission Aviation Fellowship International (2010–15) og er nestleiar i Medieklagenemnda (frå 2011) og styreleiar i Senter for tverrfaglig medieforsking (frå 2014).

Kjelder

CV for Arne H. Krumsvik, uio.no: http://www.hf.uio.no/imk/personer/vit/arnehkr/ [lesedato 28.11.2016]

Arne H. Krumsvik på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/arnehk [lesedato 29.11.2016]

Peikarar

Jonas Brække: «Stoler ikkje på medietall», klassekampen.no 

Cathrine T. Pettersen: «Arne H. Krumsvik is the new Head of Department at the Dept. of Media and Communication», uio.no 

Senter for tverrfaglig medieforsking: «Tre STM-ere til Westerdahls», hioa.no 

«Ny klagenemnd for mediesaker oppnemnd», regjeringa.no 

Bloggen til Krumsvik, Bestem deg! 

Først publisert: 15.05.2017
Sist oppdatert: 27.04.2018