Hopp til innhold
Arnfinn Kolerud (2012). Foto: Per Eide / Samlaget. Nytta etter avtale.
Arnfinn Kolerud (2012). Foto: Per Eide / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud, profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar med fleire litterære prisar. Bøkene hans er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagsliv og jordnær røyndom – med rom for fantasirike innfall.

Arnfinn Kolerud er fødd i Isfjorden i Romsdal 5. november 1968. I tillegg til vidaregåande skule, handel- og kontorlinje (Molde 1987) har Kolerud grunnfag i medievitskap og storfag i russisk – og eit ikkje-avslutta studium i nordisk litteratur og språk. Frå midt i 1990-åra budde Kolerud i Måløy, der han var norsklærar for framandspråklege elevar – ved sida av skriving og studium. No bur han på Flatraket i Selje kommune og arbeider i biblioteket ved Måløy vidaregåande skule.

Kolerud har hatt fleire arbeidsstipend frå NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattere), og har vore engasjert i Den kulturelle skulesekken, med litterære program for grunnskulen.

Han har fått fleire prisar, mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris (1996) og Nynorsk barnelitteraturpris (både i 1996 og i 2004). I 2018 fekk han Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok, for Snillionen. Same året fekk han stipend frå Nynorsk kultursentrum for å skrive den tredje boka i Vassbygda-trilogien. Stipendet vart delt ut i høve Nynorsk kultursentrum sitt 25-årsjubileum.

Litterært program

Kolerud vert gjerne rubrisert som barne- og ungdomsbokforfattar, men kan med like stor rett kallast ungdoms- og vaksenbokforfattar. Bøkene hans er lågmælte forteljingar om unge, usikre menneske som ikkje heilt kjenner svara på spørsmåla dei møter på livsvegen. Kanskje ser dei heller ikkje alle spørsmåla, men lesarane kjem nær undringane og kjenslene i desse unge sinna. Det språklege programmet hans er ærgjerrig: Kolerud vil «... lage nye setningar, setningar som ikkje finst i andre bøker ... Setningane mine skal verkeleg vere nye, og dei skal vere munnlege.» Forteljingane skal ikkje primært vere borne av sterke konfliktar og ytre handling, men av språket sjølv. Ved å gjere personar og handlingar alminnelege og stilleståande, ønskjer Kolerud å gjere lesaren merksam på språket.

Forfattarskapen

Debutboka frå 1996, Berre ikkje brøyteplogen kjem ..., er eit fint døme på Koleruds litterære program. Den ytre handlinga er enkel og alminneleg: Ein ung gut, Odd, går rundt i bygda ein snørik vinterkveld og sel lodd for fotballgruppa. Gjennom dette oppdraget kjem han inn i alle hus i grenda og får møte mange sambygdingar. Dei tek imot han på ulikt vis, med mange slags merknader. Og Odd observerer, lyttar og reflekterer over det menneskelege mangfaldet i bygda. Den vesle konflikten som finst i handlinga, er knytt til eitt av husa, som Odd i det lengste freistar å unngå. Men til slutt lyt han ringje på også der, og uviljen mot å besøkje denne familien får andlet: Jamaldringen Lillian bur her – og Odd er forelska i nettopp henne.

Medan debutboka er ei bok for yngre lesarar, som eldre vil ha stor glede av, er Langt frå bambus (1999) ei bok meir for vaksne lesarar. Kolerud sitt originale grep er å gjere eit grantre til hovudperson i forteljinga, frå det røter seg som liten til dei tunge dagane i alderdomen. Det er altså ein utviklingsroman, som gir høve til originale perspektiv på språk og samfunn. Langt frå bambus er ei bok som tek opp både eksistensielle og politiske spørsmål, men kanskje er det likevel først og fremst ei bok om språk («verda viser seg i språket»), boren oppe av ein stilsikker språkkunstar, med språklege nyskapingar og overraskande ordkombinasjonar, formulerte med karnevalsk overskot. I denne verda er himmelen logisk nok «underskya», og berre lav snakkar lågare enn mosen – derfor heiter det sjølvsagt «lavmælt». Ordet «menneske» har kanskje utvikla seg frå eit opphavleg «menn med eske», eit uttrykk som kan gi høve til mange slags assosiasjonar. Innsiktene trea kjem fram til, vert forma i ordtakliknande sentensar: «Til større ein er, til meir dumskap er det plass til»!

Også Den som ikkje har gøymt seg no (2004) er ein oppvekstroman, men no med ein 13 år gamal gut i sentrum. Odd er annleis, men kva dette er, gir ikkje boka noko eintydig svar på. Både Odd og lesarane lyt tenkje seg om mange gonger. Også denne forteljinga er boren av den språklege kreativiteten og dei uventa perspektiva hos Kolerud. Forteljinga om Odd er fylt av både dramatikk (død, skadeverk, dramatiske handlingar) og stille stunder, men sterkast er portretta av menneske i ulike aldrar og med ulike temperament.

Zoomarferien frå 2007 er ein ungdomsroman for lesarar i alle aldrar. I hovudrollene finn vi to tenåringsgutar som prøver seg som tabloide snikfotografar ein sommar. Hovudmålet er å presse pengar av ein fotballtrenar som dei grip i miljøforsøpling. Inspirerte av massemedia i samtida freistar dei seg altså som «kvardags-paparazziar». Romanen er ei språkfontene, med friske ordspel og uventa språklege kast. Også i handlinga ser vi dei uventa perspektiva, kombinerte med presise detaljar – stundom på god veg over mot det surrealistiske. Når dei to gutane snik seg inn på eit hus for å observere, heiter det: «På to minutt gjekk dei gjennom heile evolusjonen baklengs; dei slutta å snakke, lista seg krumrygga fram, og krabba til slutt på alle fire fram til skogkanten.»

Lettlesboka Jakta på Andy Anderssons Eftf (2010), illustrert av Per Ragnar Møkleby, fortel om to veninner som jaktar på han eller ho som har skrive «idiot» på husveggen til den eine jenta. Kva kan vere årsaka til ei slik handling? Slikt vert det spenning, jakt på ei løysing og mykje humor av.

Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012) er dei to første banda i ein varsla trilogi, der handlinga er lagd til Vassbygda, eller Vassbygdi som mange heller vil kalle staden. Dette er nynorskens siste skanse på Nordvestlandet, omgitt og truga av bokmål og engelsk på alle kantar. Målfolket her tek alle moglege kampmiddel i bruk for å tene saka/saki. Men dei er òg plaga av indre strid, mellom dei som held på i‑endingar, og dei som vil ha a‑endingar. Her heiter difor bilane Toyota eller Toyoti! Romanane er lystige, med eit alvorleg tema under – prega av Koleruds fabulerande prosa og kreative humor.

I 2017 kom Snillionen, ei forteljing om ungguten Frank og mor hans, som vinn 24 millionar i Lotto. Pengane skaper både glede og suter, ikkje minst pågang av mange som ønskjer å få del i premien. Så dei set av ein million til den i bygda som er snillast, og i denne konkurransen kjem mangt til syne – ikkje minst mange humoristiske situasjonar. Det er langt frå enkelt å vere snill, og ofte freistande å legge hinder i vegen for andre som kanskje er snillare enn ein sjølv.

Snillionen var ei av 12 utvalde bøker som vart presenterte på filmfestivalen Berlinalen (i Berlin) i februar 2018, som spesielt eigna for filmatisering. Boka er omsett til koreansk, russisk og spansk.

Kjelder

Ove Eide: «’Eg likar å skrive om personar som sit mykje’. Litt om Arnfinn Koleruds forfattarskap», Jul i Nordfjord 2004 

Eva Westvik (reporter): Onsdagsportrett med Arnfinn Kolerud, NRK Sogn og Fjordane (Nett-TV), http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/82536  [lesedato 20.10.2009]

Peikarar

«Jubileumsstipend til Arnfinn Kolerud», aasentunet.no

Forfattarside om Arnfinn Kolerud (med bibliografi) på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 05.11.2019