Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Kvalbein

Astrid Kvalbein, musikkvitar, songar og kritikar, som formidlar kunnskapen sin om musikk i dagspressa så vel som i bokform.

Astrid Kvalbein er fødd 13. oktober 1971 på Kolbotn i Akershus og er i dag busett i Oslo. Ho har grunnfag i kristendomskunnskap frå Det teologiske menighetsfakultet (1991) og tilsvarande i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo (1995). I 1998 fullførte ho hovudfag i musikkpedagogikk og song ved Noregs musikkhøgskole, med oppgåva Spaltelangs med samtidsmusikken, om pressedekninga av Ultimafestivalen i 1995/96. Ved same institusjonen vart ho i 2006 tilsett som doktorgradsstipendiat.
I yrkeslivet har Kvalbein særleg markert seg som skribent og kritikar, og ho ytrar seg på nynorsk så vel som på bokmål. I 1999–2000 var ho redaktør i Arabesk, det kunstpedagogiske tidsskriftet for musikk og dans. Som kritikar av klassisk musikk i VG (1999–2004), Dagsavisen (2006–07) og Aftenposten (frå 2007) har ho følgt den klassiske musikkscena tett, med ein særleg teft for utviklinga innanfor nyare musikk. Som forfattar står ho bak den første biografien om Leif Ove Andsnes: I og med musikken (2005).
Feministiske spørsmål er òg viktige for Kvalbein. Saman med Anne Lorentzen var ho redaktør for skriftet Musikk og kjønn – i utakt? (2008), og ho har skrive fleire artiklar om den skeive balansen mellom kjønn i delar av musikkmiljøet.
Kvalbein er også sjølv songar, i Duo Parula saman med klarinettisten Gjertrud Pedersen. Ho har arbeidd med vokaltrioen vonDrei, saman med Ellen Aagaard og Solveig Slettahjell, og jazz-samtidsensemblet SØYR. Med desse har ho opptredd på fleire av dei større samtidsfestivalane i landet.
Kjelder
E-post frå Astrid Kvalbein 10.9.2010
Om Astrid Kvalbein på Noregs musikkhøgskole sine nettsider, http://www.nmh.no/fou/doktorgradsstudiene/Ph.D.-utdanning/Ph.D./59257 [lesedato 8.9.2010]

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 25.05.2012