Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Kittang

Atle Kittang var professor, kritikar og forfattar. Som den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg hadde han sterk innverknad på litteraturforskinga i Noreg og har vore leverandør av internasjonale impulsar innanfor litteraturvitskapleg teori og metode.

Atle Kittang var fødd 20. mars 1941 i Flora kommune i Sogn og Fjordane og døydde 1.juni 2013. Studiar i litteratur og både fransk og tysk språk i Bergen, og fransk litteratur i Paris, leidde Kittang fram til magistergraden i litteraturhistorie ved Universitetet i Bergen i 1966. I perioden 1966–74 var han stipendiat og førstelektor i fransk litteratur same staden. Han leverte doktorgradsavhandlinga si, om diktinga til Arthur Rimbaud, i 1973.
I 1974 vart Kittang tilsett som professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Denne stillinga sat han i til han gjekk av med pensjon i 2011. Han var òg professor II ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim frå 1997 til 2002 og ved Senter for Ibsen-studiar ved Universitetet i Oslo frå 2002 til 2009. Kittang hadde eit breitt interessefelt og publiserte forsking på dei sentrale felta innanfor litteraturvitskapen. Han har formidla internasjonale teori- og metoderetningar i Noreg og samstundes gitt originale og tekstnære analysar av store verk i norsk litteraturhistorie, til dømes av Hamsun, Ibsen, Fløgstad og Olav H. Hauge. Då Hauge sine dagbøker vart utgitt i 2000, var det Kittang som skreiv føreordet.
Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse (1968) er skriven saman med Asbjørn Aarseth og er ein klassikar blant læreverka i litteraturstudia i Noreg. Kittang har dessutan redigert og sjølv vore bidragsytar i fleire antologiar, til dømes i Moderne litteraturteori (1993). Vidare har han skrive viktige bøker på eiga hand, mellom anna Luft, vind, ingenting. Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet (1984) og Sigmund Freud (1997).
Kittang var medlem av Det Norske Videnskaps-akademi. I 2003 vart han den første humanisten som fekk Forskingsrådets Møbius-pris for framifrå forsking.
Nærlesing
Kittang var i sine tidlege arbeid særleg påverka av formalisme og nykritikk. I Lyriske strukturer er det lagt vekt på nærlesinga som den sentrale metoden i diktanalyse. Boka viser vilje til å studere diktet i seg sjølv, med vekt på samspelet mellom strukturane som gøymer seg i det. I den teoretiske innleiinga til boka gjer forfattarane det likevel klart at ein ikkje enkelt kan hente ut ei objektiv meining frå diktet. Dei legg vekt på at eit dikt, som andre språklege ovringar, står i eit system av konvensjonar, og at diktlesing er eit møte mellom lesaren og teksten.
Boka viser slik sett eit medvit om lesaren si rolle i tolkinga, utan dermed å redusere tolking til noko reint subjektivt. Lesaren må nemleg til sjuande og sist erkjenne at diktet er ein objektiv og autonom struktur, det er «eit slutta system av relasjonar mellom eit avgrensa sett element». Med dette som utgangspunkt undersøkjer forfattarane kva som skil litteraturen frå andre uttrykksmåtar, med andre ord kva som gjer litteraturen til litteratur.
Politikk og lyrikk
Den andre utgåva av Lyriske strukturer (1973) er stort sett uendra i høve til førsteutgåva. Kittang held med andre ord autonomitanken i hevd. I åra etter merkar ein hos Kittang ei større interesse for den ideologikritiske rolla litteraturen kan ha. Litteraturkritiske problem. Teori og analyse (1975) ber preg av dette, med sentrale tekstar som «Tre forståingsformer i litteraturforskinga» og «Litteratur og ideologi». Til grunn ligg eit syn på litteraturen som fleirtydig og kompleks, og at han såleis er urovekkjande. Litteraturen tek tak i oss, røskar oss ut av eintydige forståingar og vil difor motsetje seg rådande ideologiar.
Det er med dette utgangspunktet at Kittang i Luft, vind, ingenting (1984) kritiserer mottakinga av Hamsun si dikting. Der kritikarar har freista å redusere det fleirtydige i Hamsun sine romanar til eintydige storleikar, hevdar Kittang at Hamsun er grunnleggjande ironisk og ikkje kan setjast i nokon ideologisk bås. Hamsun set opp ideologiske posisjonar først og fremst for å ta avstand frå dei. Slike ideologiske posisjonar gjer det mogleg for Hamsun å ironisere.
Ei stødig stemme i turbulente tiår
Kittang har formidla nye teoriar, men til sist står han kanskje først og fremst att som ein grensesetjar. Frå 1970-åra og særleg utover i 1980- og 90-åra vart litteraturvitskapen ofte innlemma i meir generelle kulturteoriar, og det voks fram eit mylder av teoriretningar som i større grad orienterte seg mot dei historiske, kulturelle og samfunnsmessige kontekstane litteraturen vert til i. Postmoderne retningar og leseteoriar problematiserte objektive sanningar.
Kittang følgde i høgste grad med på notane og gav viktige bidrag i formidlinga av ulike teoriar, til dømes psykoanalysen, dekonstruksjonen og ulike poststrukturalistiske teoriar. Samstundes såg han seg stundom nøydd til å halde faget i tyglane. I etterkant av desse turbulente tiåra stod Kittang framleis stødig i forsvaret av det autonome verket, noko ein til dømes kan sjå i Sju artiklar om litteraturvitskap (2001).
Til eit Hauge-dikt 
Diktekunstens relasjonar (2009) inneheld artikkelen «Eit relasjonelt forsvar for autonomiestetikken», der Kittang på nytt hevda at all lesing av litteratur, også politiske lesingar, må vere nærlesing. Sjølvsagt har litteratursynet hans endra seg i den lange fartstida i faget, men det er likevel mange likskapar mellom den pensjonerte professoren og den unge universitetsstipendiaten som i 1968 gav ein framifrå analyse av Olav H. Hauge sin folkekjære sonett «Til eit Astrup-bilete». «Eit vern om draumen. Analyse av eit biletmønster og eit dikt hos Olav H. Hauge» står att som ei av dei grundigaste og mest originale diktanalysane på norsk og er å rekne som ein litteraturvitskapleg hyllest til Hauge sitt dikt, slik sonetten er ein hyllest til Astrup sitt måleri.
I Erik Bjerck Hagen si bok Kampen om litteraturen. Hovedlinjer i norsk litteraturforskning og ‑kritikk (2012) er Kittang omtalt som den mest markante norske litteraturteoretikaren i sin generasjon. Boka er likevel tydeleg polemisk andsynes Kittang sin teoretiske posisjon. Bjerck Hagen kritiserer tanken om det autonome verket og lanserer i staden ein idé om det «heteronome verket». Med dette meiner han at forfattaren, lesaren og den samanhengen ei bok er vorten til i, er integrerte delar av det litterære verket. Kritikken frå Kittang sin tidlegare kollega er representativ for mykje av den kritikken han elles har møtt i det litteraturfaglege miljøet. Kan litteraturen verkeleg fri seg frå det samfunnet han vert til i, frå politikken og historia? Kittang hevdar ikkje det, men held fast på at vi treng distinksjonar for å kunne diskutere. Litteraturforskaren si oppgåve vert såleis å skildre det spesifikt litterære, både i seg sjølv og sett i samanheng med andre kunstformer og menneskelege uttrykk. Dei faglege diskusjonane held fram og vil nok alltid halde fram, men det er ikkje tvil om at Atle Kittang sine mange og vidtfemnande bidrag vil stå att som merkesteinar i det norske litteraturvitskaplege landskapet.
Kjelder
Erik Bjerck Hagen: Kampen om litteraturen. Hovedlinjer i norsk litteraturforskning og ‑kritikk 1920–2011. Oslo 2012
Atle Kittang og Asbjørn Aarseth: Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse. Oslo-Bergen-Tromsø 1968
Atle Kittang: Litteraturkritiske problem. Teori og analyse. Oslo-Bergen-Tromsø 1975
Atle Kittang: Sju artiklar om litteraturvitskap. I går, i dag og (kanskje) i morgon. Oslo 2001
Atle Kittang: Diktekunstens relasjonar. Estetikk. Kultur. Politikk. Oslo 2009
«Grensesetteren», Morgenbladet 25.3.2011
Espen Grønlie: «Polemisk historieskrivning», Morgenbladet 23.2.2012: http://morgenbladet.no/boker/2012/polemisk_historieskrivning [lesedato 14.7.2012]
Universitetet i Bergen, presentasjon av tilsette, uib.no/hf, sist oppdatert 5.4.2005: http://www.hf.uib.no/LiLi/ansatte/Kittang.html#c [lesedato 5.6.2012]
Gerd Tjeldflåt: "Atle Kittang er død", Bergens Tidende, 2.6.2013: http://www.bt.no/bergenpuls/litteratur/Atle-Kittang-er-dod-2907877.html#.Uaw_P0DDvSh
[lesedato 3.6.2013]
Peikarar
Videosnutten Olav H. Hauge, der Kittang bidreg med ei analyse, er henta frå NRK Skole: http://nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/275496 
 

Først publisert: 08.10.2012
Sist oppdatert: 13.04.2018